Årskonferanse NHO Møre og Romsdal

27. Jul 2024

26. januar var John Arve og Gjermund på årskonferansen til NHO Møre og Romsdal. Takk til regiondirektør Espen Remme og resten av gjengen for eit godt arrangement.


Det vart delt mykje gode innlegg og synspunkt om framtidig verdiskaping i fylket vårt. Tema for årets konferanse var «Uro» og korleis bidra med trygge jobbar for å sikre velferden når det er mykje usikkerheit i verda. Stig Bjørkedal i Cflow, prata i sin presentasjon om avhengighetspyramiden i havbruksnæringa som viser kor avhengige bedriftene er av kvarandre. Vi skal i alle fall fortsette å vere ein stødig samarbeidspartnar også i framtida 😊

2023 Bauta Group. All Rights Reserved

Personvern Rettigheter