Kan vi adressere det faktiske problemet?
Ein kan til stadigheit lese innlegg i avisene frå godt vaksne menn som har knallharde meiningar om vegstrekningar, kostnadar og utvikling av fylket vårt. Dei får mykje spalteplass, til trass for at dei stort sett både tek feil og unngår å adressere dei faktiske problema vi står ovanfor; Vi treng fleire folk.
Eg kjem frå Vestnes kommune. Ein stolt industrikommune med fleire store industribedrifter av nasjonal betydning. I Vestnes var folketalet i 2024 på 7 147 personar. Dei neste 10 åra skal folketalet auke med 73 personar. I same periode skal talet personar over 80 år auke med 266, frå 377 til 643. Det er dramatisk.
Vi har alle skulekutta i Innlandet friskt i minne, dei same kutta står på trappene over heile landet. I Vestnes er talet unge i alderen 0-19 år spådd og gå ned med 202 personar dei neste 15 åra. For Møre og Romsdal fylke er det spådd ein nedgang på 2000 elevar i VGS i same periode. Det vil bli kutta i skuletilbodet her også.
I 2022 var det for fyste gong fleire som døydde, enn som vart fødde i vårt fylke. Vi hadde fødselsunderskot. I 2023 var dette tilnærma null, slik skal det også vere framover. Samstundes har netto innanlands flytting vore negativ med inntil 1000 personar i fleire år. All befolkningsvekst i fylket vårt kjem av innvandring. Regjeringa uttalte nyleg at distriktspolitikken fungerer, fordi det er vekst i folketalet i distrikta. Den veksten er dessverre takka vere Putin, ikkje regjeringa.
Trass i den negative utviklinga er det mange moglegheiter her. Det er enorm aktivitet i næringslivet, verfta har fulle ordrebøker og vi utviklar teknologi som er attraktiv internasjonalt. Vi har ei arbeidsløyse på berre 1,7% og manglar 3200 arbeidstakarar i 2024, i følgje NAV. Det fører til uheldig konkurranse om arbeidskraft, noko som på sikt vil føre til ein usunn lønnsspiral og hemme vekstmoglegheitene til bedriftene.
Regjeringa sitt tiltak er å gi 25 000,- i redusert studielån per år, til dei som bur i 17 av distriktskommunane våre. Noko eg trur berre ender opp som eit «kjekt å ha» for dei som allereie bur her, i og med at det gjeld 189 kommunar over heile landet. Ein valfart frå Oslo vil vi nok ikkje sjå.
Noreg har som mål å auke fastlandseksporten med 50% innan 2030. Møre og Romsdal er det fylket i Noreg som, utan samanlikning, bidreg mest til norsk eksport per innbyggjar. Vi står for 20% av verdiskapinga innan sjømat og industrien står for 11% av fastlandseksporten. Dette får vi til med berre har 5% av innbyggjarane.
Trass i den store verdiskapinga får vi under 1% av samferdselsmidlane. Det gjer at ein får kjensla av at Oslo ikkje forstår korleis kvardagen her ser ut. Vi er eit lite fylke i areal, men vi er store i reisetid. Det betyr små arbeidsmarknader for bedriftene, tidkrevjande leveringar inn og utfordrande leveransar til kundar. Ein fersk fisk får ikkje betre kvalitet av å stå i ferjekø. Vi treng betre infrastruktur.
Men vi er ikkje enkle å hjelpe, når vi som bur her ikkje evnar å samle oss kring allereie vedtekne og gryteklare samferdselsprosjekt. Ein meiningslaus diskusjon i lokale aviser om kostnadane for Møreaksen, bidreg ikkje til noko anna enn å så tvil hjå nasjonale politikarar som sit på pengesekken.
Bergensbana kosta i si tid eit heilt statsbudsjett, likevel vart den bygd av framsynte politikarar. I dag har vi ein samferdselsminister som nærast skryt av kor mykje pengar dei sparar på å ikkje bygge Møreaksen. Medan dei brukar 30 MRD på å flytte ein togstasjon i Moss 300 meter. Eller 31 MRD på å bygge 12 minutt med tog frå Fornebu til Oslo. Begge plassar går det allereie tog. Begge prosjekt kunne med god margin betalt for Møreaksen. Vi har råd til å bygge akkurat det vi vil.
Å ha folkevalde frå eige fylke som bevisst motarbeider og spreiar usanningar om prosjektet, til trass for at næringslivet er klokkeklare, er også ganske oppsiktsvekkande. Over 100 bedrifter i Møre og Romsdal, med ei samla omsetning på over 100 MRD og over 23 000 tilsette, krev bygging av Møreaksen. NHO er klokkeklare på at vegen må byggast. Vi må sy fylket vårt saman. Menon har anslått at 42% av samfunnsnytta, vil falle til andre delar av Noreg enn Møre og Romsdal. Det viser den nasjonale betydninga av næringslivet her. Regionforstørring er det viktigaste resultatet frå prosjektet, gjennomgangstrafikk er underordna.
VG skriv den 02.11. om demografiutviklinga i kommunane og bruk av turnusarbeidarar i helsetenestene. No byrjar industribedriftene i distrikta å tenke på liknande løysingar for å sikre arbeidskraft og rekruttering. Ein har lenge hatt utanlandsk arbeidskraft i turnus, men å gjere det for nordmenn i stor skala er nytt. Det vil vere starten på slutten for mange lokalsamfunn.
Vi må evne tenke meir heilskapleg. Industrien er ikkje flyttbar. Då må vi må minske avstandar mellom bygdene og tilboda i sentrale strøk. Distrikta må få betre tilgang til sjukehus, utdanning, kultur og eit større mangfald av arbeidsplassar. Vi må bygge attraktive regionar. Ei effekt som Distriktsdemografiutvalet i sin NOU 2020:15 påpeikte vert kraftig undervurdert i prioritering av vegprosjekt. Møreaksen skal knyte Molde og Ålesund, med omland, saman til ein bu- og arbeidsregion.
Stadig fleire seier at «tida for spektakulære vegprosjekt er forbi». Det er i beste fall kunnskapslaust. Det er det same som å seie at ein skal slutte å bygge veg langs kysten. Kysten er spektakulær. Same kvar ein skal, så må ein krysse ein fjord eller eit fjell. Det er dette som gir oss dei naturgitte fordelane til våre største eksportnæringar. Næringar vi skal leve av i framtida, dersom vi har folk til å arbeide i dei. På kort sikt er den negative utviklinga dårleg nytt for lokalsamfunn som mistar skulen sin, på lang sikt vil vi tape som nasjon. All fakta tyder på at utan endring, går vi ei særs krevjande og lite berekraftig framtid i møte. Møreaksen er det einaste realistiske prosjektet som kan endre dette.
Gjermund Kvernmo Langset
Leiar forretningsutvikling og berekraft, Bauta Group