Utvikling eller avvikling?

20. Apr 2024

Vestnes kommune har det treffande slagordet; Midt i blinken! Og smykkar seg med å vere ein attraktiv kommune med kort veg til det meste, midt i hjartet av eksportfylket Møre og Romsdal. Dette kan synast vel og bra, men realiteten er dessverre at vi er midt imellom.

Vi i næringslivet er heilt avhengige av to ting; folk og logistikk. Vedtaket i formannskapet i Vestnes om å skrote Møreaksen er ei katastrofe for begge desse. Det vitnar om kunnskapslause og særs dårleg forståing av korleis ting heng saman. Måten det vart gjort på, med å få gjennom store endringsforslag i fråværet ein sjuk ordførar, vitnar også om ei framferd vi meiner er totalt uakseptabel i ei så viktig sak. Politikarane har heller ikkje konferert med næringslivet om saka.

Næringslivet i både Vestnes og fylket vårt går i hovudsak godt. Ei låg arbeidsløyse er eit tydeleg signal på dette. At folk er i arbeid er bra, men at arbeidsløysa er låg er også ei utfordring. Konkurransen om arbeidskraft og kompetanse vert hardare. Noko som driv lønningar oppover og gjer at lokale bedrifter driv kannibalisme på kvarandre. Resultatet på sikt er at alle taper.

Skal næringslivet framleis kunne drive her på ein god måte er vi heilt avhengige av at vi har ein attraktiv region, som kan trekke til seg folk utanfrå. Vi er heilt avhengige av tilflytting og ein arbeidsmarknad med låge avstandar mellom der folk vil bu og der dei skal arbeide. Her i fylket er dette ikkje tilfelle i dag. Vi er små i areal, men store i reisetid. Det er ikkje slik at alle ynskjer å bu, arbeide og ha fritidsaktivitetar i den same bygda. Alternativa om vi ikkje har tilgang på nok folk der vi er lokaliserte, er å flytte eller å tape konkurransekraft.

Industrien er også heilt avhengige av import og eksport på hjul. Fisk, skipsdelar, containerar og folk skal fraktast inn og ut av fylket. Alle tiltak som kan få ned reisetida vil spare oss og samfunnet for store kostnadar, auke konkurransekrafta og sikre leveringstryggleik. Ferjer er ikkje eit akseptabelt alternativ for å oppnå dette. Vi konkurrerer mot bedrifter i andre land som har både firefelts-veg og gode togforbindingar. Vi har ingen av delane, men Møreaksen er eit godt bidrag.

Prosjektet vil også føre til stor aktivitet, sysselsetting og verdiskaping i lokale bedrifter. Tunellar skal gravast, bruer skal byggast, masse skal fraktast og lyset skal tennast. Dette gjer seg ikkje sjølv og ringverknadane vert truleg store, det ser ein tydeleg igjen frå Nordøyvegen. Der næringslivet i regionen har opparbeidd seg ein sterk kompetanse, denne må vi ta vare på.

Det at fire personar i formannskapet i litle Vestnes kommune då ber Stortinget skrinlegge Møreaksen i NTP, er etter vårt skjønn ei særs dårleg vurdering. Vi håpar Fylkesting, Storting og veljarar behandlar dette høyringssvaret med ei stor klype salt. Det har vore kjempa i årevis for å få prioritert eitt prosjekt som kan sy fylket vårt saman på ein god måte. Eit prosjekt som næringslivet i regionen står fjellstøtt bak. No må vi slutte med omkampane, få spaden i jorda og byrje arbeidet.

Vi vil også minne om det som har vore repetert ei rekke gongar frå ulike hald; det er ikkje slik at om ein tek noko ut av NTP så kan ein putte inn eit anna prosjekt eller bruke pengane på andre vegar. Då byrjar prosessen på null igjen og regionen vår har tapt fleire tiår med utvikling og milliardar i statsfinansiering. Medan andre delar av landet held fram med utviklinga og finn gode løysingar for attraktivitet i sine regionar.

Møreaksen er og blir det einaste reelle alternativet til å minske avstanden mellom Molde og Ålesund. Det einaste reelle alternativet for å bidra til at Vestnes kommune kan ha vekst i tilflytting og verdiskaping.

Verda går stadig framover og ventar ikkje på nokon. Enten ein driv bedrift eller kommune så betyr dette at ein som regel to val; Utvikling eller avvikling. Formannskapet i Vestnes har med dette vedtaket valt det siste, det tek vi sterk avstand frå.

Ronny Langset, direktør Vard Langsten

Bjørn Magne Aas, direktør Aas Mekaniske Verkstad

Willy Kåre Vik, dagleg leiar Vik Elektro

Kåre Olav Monstad, dagleg leiar Tomren Transport

Silje Sivertsen Bergslid, dagleg leiar Vestnes Fjordhotell

Roald Fiksdal, dagleg leiar Tomren Fish

Kenneth Eik Frostad, teknisk sjef Copra

Tore Rekdal, dagleg leiar Solstrand Verft og Rekdal Industrier

Daniel Sundet, dagleg leiar Bauta Group

Gjermund Kvernmo Langset, styreleiar Bauta Electro

Gruppebilde tatt av Edmund Melkild

2023 Bauta Group. All Rights Reserved

Personvern Rettigheter